Category Archives: Libanon

Guide til libanesisk TV: Doctor Hala

Litt vokabular:
Pliz (eller bliiz!) = please
Khalas = Ferdig, slutt, over

Libanesiske TV-seriar er som regel utruleg stive, treige og heilt blotta for handling.
Doctor Hala er ikkje noe unnatak, men sidan dialogen er såpass treig og unaturleg kan dette vere god trening for den som vil komme litt inn i libanesisk dialekt.

Det betyr ikkje at det ikkje finst gode seriar, men desse finn ein gjerne ikkje på tv.
Eg vil anbefale Youtube-serien Shankaboot som gir eit mye meir verkelegheitsnært bilde av Beirut. Dialogen her er litt meir vrien, men den er til gjengjeld teksta på engelsk.

Advertisements

Bonsoir

Ikkje for å overdrive; vanlegvis syns folk det er veldig stas med utlendingar som lærar arabisk.
Og langt frå alle i Beirut er trespråklege (eller tospråklege for den del).
Men ikkje sjeldan hender det at folk (som gjerne legg vekt på at dei anten er fransk- eller engelskutdanna) blir regelrett fornærma om du prøver å snakke til dei på morsmålet deira.

Denne stripa er forresten ein slags oppfølgjar til denne frå Damaskus

Furn ash-Shubāk del 2

I ettertid innser eg at om ein skal flytte ut frå ein plass,
er det smart å seie ifrå tidlegare enn berre eit kvarter før ein drar.
Sann historie. Uansett; tipper mora mi aldri forventa at
eg skulle bli ein slik som knuser hjarta til vaksne menn. Hjelp.

Furn ash-Shubāk del 1

Eg må innrømme eg var ein smule mentalt fråverande da eg teikna den første ruta. Noe som resulterte i at eg plasserte ein moské i det som strengt tatt skal vere eit kristent strøk.
Haram! Slik kan det gå.

Det er forresten klassekameraten min Marianne som spaserer saman med meg
i denne stripa.

Følg med på ka som vil skje i neste veke!

Russisk rullett

Mine medsamansvorne russarar i denne stripa: Kristin, Åsny og Bjørn (som har klipt håret)