Om denne bloggen

Denne bloggen tar for seg utvekslingsopphalda mine I Syria og Libanon – gjenfortalt etter beste evne i teikneserieformat.
Alt er teikna ved hjelp av ms paint. Derfor namnet.

Litt bakgrunn:

Mellom august og desember 2010 studerte eg arabisk språk ved universitetet i Damaskus, Syria.
Sidan eg hadde gløymt ladaren til kameraet mitt heime, bestemte eg meg like gjerne for
å teikne det eg såg. Dei første stripene
vart publisert under namnet «Damaskus i paint».

Planen var alltid å vende tilbake til Damaskus.
Men da det syriske opprøret tok til i mars 2011, og regjeringa svarte med vald,
flytta skolen eg hadde ein plass på, lokala sine frå Syria til Libanon.
Eg flytta etter, og oppdaterer no sporadisk frå livet her i Beirut.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: